mandag 29. oktober 2012

Heia bloggen!


Ein ting du ikkje visste om oss er at vi er utrulig interessert i det athenske demokratiet!

Visste du at...
Det athenske demokratiet, nokon gongar kalla det klassiske demokratiet, var det demokratiske systemet som blei utvikla i den greske bystaten Athen. Dette demokratiet var eit av dei første kjende demokratia og var mest sannsynleg det aller viktigaste i oldtida. Mange av dei andre greske byane som danna demokrati, følgde denne athenske modellen. Sjølv om mange fekk eit godt og sterkt demokrati, blei ingen så stabilt og mektig som Athen. I Athen var ikkje demokratiet basert på noko slag for representasjon. Istaden møtte borgarane sjølv opp i hovudforsamlinga og stemde over viktige lovforslag. Det athenske demokratiet gav stor makt til enkelte borgarar, og viss ein ser vekk ifrå det at borgarretten var eksklusiv, så var det vanskeleg å tenkje det eit meir gjennomført demokrati enn det som var i Athen.

Likskapen mellom demokratiet til Norge nå og det gamle Hellas er at dei begge er styrt av eit demokrati der folket får lov til å ver med på å bestemme i dei viktige sakane og ikkje slik at berre ei lita gruppe eller ein sitte med makta.
Andre likskapar er ar Hellas og Norge har også dei same ideal om fridom og likskap -også ytringsfridom. Norge er og har mange av dei same tinga som det gamle Hellas, men i dag er det litt forskjell på reglane, men elles har Norge tatt mange av måtane det gamle Hellas gjorde.

Demokratiet i Athen på 400-talet då byen sto på toppen av si makt, var eit direkte demokrati uten politiske parti eller representantar. Folket gjor avgjersler sjølv, og dei hadde ikkje noko politikk. I Norge idag har vi mange forskjellige politiske parti vi kan stemme på, utifrå meiningane våra.

Embetsmenn var menn som hadde ansvar for eit fagområde. Dei kan man samanlikne med våre statsråd. Men i motsetning til våre statsråd blei dei valt direkte av folkeforsamlinga.

Kven hadde ikkje stemmerett?
Slavar og eigedomslause, folk som ikkje budde i Athen, borgarar visst begge foreldre ikkje var athenske, innvandrar og kvinner. Alle disse hadde ingen politiske rettigheiter og fikk ikkje lov til å delta.
I Norge må du vere 18 år, norsk statsborgar eller ha budd i Norge i minst 5 år. Fengsla eller umyndiggjorde menneske har ikkje stemmerett.

Det gamle Hellas blir av dei fleste historikera regna som den viktigaste grunnleggaren for den vestlige sivilisasjon. Det politiske systemet i gamle Hellas har sett sitt spor i dagens politiske system i Noreg ved at gresk kultur hadde ein stor påvirkning på Romerriket, som igjen satte sitt preg på den vestelege kulturen. Sivilisasjonen til de gamle grekerne har hatt stor innflytelse på språket, politikken, utdanningssystemene, filosofien, vitenskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verden, i tillegg til at den satte liv i renessansen på 14-1500-tallet.

Men no skal vi ha gym (YOLO), prekast!

Xoxo Sofie, Thea, Kristine og Anette

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar