Oppgåva: Kva kjenneteiknar arkitekturen i det gamle Hellas og korleis har den påverka moderne arkitektur?
Tips: sjå på “moderne” vestlege bygningar som til dømes universitetet i Oslo eller kongressen i Washington DC og vis korleis desse er inspirert av den antikke arkitekturen. I denne oppgåva kan bruk av bilete vere gull!
Gresk arkitektur er kjendt for frittliggjande tempel og tre klasiske søyleordenar. Dei aller
fyrste tempelane var bygde av brend leire og tre. Det var først omlag halvegs på 1600-
talet at ein byrja å byggje med stein istaden. Det finst doriske og joniske tempel. Dei
doriske tempela har meir massive og kraftige former enn det dei joniske tempela har.
Joniske tempel har slankare søyler og mykje lavare bjelkelag. Ei hypotese for kvifor
tempela er så massive er at grekarane ikkje stolte heilt på stein som materiale, og
derfor bygde tempela sterke og massive.
Den greske arkitekturen gjenspeilar friheit og induvidualisme. Dei meinte ikkje berre det
var arkitekturen deira som gjenspeila dette, men også landskapa rundt. Bygningane vart
plasserte etter nøye planleggjing med tanke på landskap. Og dei skulle symbolisere tre
viktige ting; Friheit (bygningane er plasserte fritt), Funksjon (utforming og bruksområde)
og ikkje minst Openheit (her skulle grekerane få dyrke openheit og fridom).
Søylehovuda hjå søylene kan ha store variasjonar. Søylehovudet er den øverste
delen av søyla som avgrensar søyla og sjølve bygget det held oppe. Det finst mange
variantar av slike søylehovud, også kalla for kapitél. Det doriske kapitélet er det eldste.
Det er ganske enkelt konstruert, men veldig massivt. Det joniske voluttar på sidene,
altså sirklar på kvar kant som pynt. Det har også det korintiske kapitélet, men i tillegg
arkatusblader. Det finst også fleire variantar, med blandingar av fleire, og nyskapande
søylehovud.
Kva kjennerteiknar arkitekturen i Det gamle Hellas?
- rette linjer
- store, overdimensjonerte søyler
- geometriske figurar går att
- tempela er kortare enn dei arkais
- Byggja var opne, frie og tilgjengeleg for alle
- Søyler for å : pryde, halde oppe, og å symbolisere ro og harmoni
- søyleomgang
- i tempel med søyleomgang skal langsidene sine søyler vere dobbelt så mange som
kortisidene sine +1, dersom ein reknar hjørnesøylen med begge gongane.
- Berre tempel i ein viss størrelse hadde søyleomgang.
Døme på tempel med søyleomgang (Zevstempelet i Olympia):
1.)
2.)
3.)

4.)

1) Slottet, Noreg 2) Universitet i Oslo, Noreg 3) Zevs tempelet Olympia 4) Triumfbuen, Thessaloniki
LENKJER:
http://snl.no/Hellas_(Det_gamle_Hellas)/kunst_og_arkitektur
http://pippsen.blogspot.no/2012/01/gresk-arkitektur-fra-antikken-i-tnsberg.html
http://gresk-romersk-arkitektur.wikispaces.com/
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Triumfbue
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Teater
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Kapit%C3%A9l_(arkitektur)
http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Arkitekturhistorie/tekstsider/
antikken/gresk.htm
Av: Helene, Kaja, Runar og Sigrid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar