Omgrepet
filosofi kjem frå gresk og tyder kjærleik til visdom.
Sokrates
Ein
av dei mest kjente filosofane gjennom historia, levde i Hellas i
antikken. Sokrates var med på å leggje grunnlaget for humanistisk
filosofi, der ein filosofi der menneske, kultur og samfunn er i
fokus. Sokrates skreiv ikkje noko ned, men er kjent gjennom sin
kjente elev Platon. Sokrates trudde på det å overbevise sine
tilhøyrarar, ikkje overtale dei. Måten han gjekk fram på var å be
folk buse ut med fordommane sine, så dei innsåg at meiningane deira
var fordommar, på den måten kvitta dei seg med dei og klatra høgare
opp i ''erkjennelsens stige''. Han meinte at den nye innsikta måtte
kome innanfrå.
Pga
av alle dei inngåande spm laga Sokrates sjølve filosofi-idealet for
seinare generasjonar.
Sokrates var ein absolutist, han meinte at det fanst universelle normer og verdiar. Riktig kunnskap = riktig handling = lykke. Han blei samanlikna med ei jordmor ettersom han sa at alle var gravide med visdom og måtte bli stilt spørsmål for å føde den ut.
Sokrates
vart anklaga for blasfemi og å ha villeida ungdommen og vart
henretta med gift.
Vitskap
Både
legeviskapen og naturvitskapen har sitt utspring i antikken.
Naturvitskap:
matematikk (geometri), kjemi, tekniske hjelpemiddel, fysiske prinsipp
(vannskruen, vaktstangsprinsippet og lova om oppdrift i vatn) og
astronomi (Aristoteles meinte at jorda var kuleforma pga at den
alltid kastar ein sirkelforma skygge på månen ved måneformørkelse).
Platon
Platon var ein gresk filosof som levde frå år 427 - 347 f.Kr i Athen. Han blir rekna som ein av dei mest betydningsfulle i verdenshistoria. Han grunnla også sin eigen skule i Athen som vert kalla «Akademiet». Her underviste han sjølv sine elevar i fleire år.

var spesielt opptatt av samfunnsproblem, og var ein aktiv politikar.
Filosofien
hans
Utgangspunktet for Platons idélære er Sokrates' lære om allmennbegrepa, i tilegg til impulsar frå pythagoreerane.
Hans syn er sterkt dualistisk: sansen verd mot idéens verd. Han meinte også at i tillegg til den verkelegheita som vi kan sanse rundt oss, fins det ein annan verkelegheit. Denne adnre verkelegheita kan ikkje sansast, men er meir verkeleg og fundamental enn den sansbare verkelegheita. T.d. Dersom ein tenkjer på ein bestemt person, t.d. Nils, eller ein bestemt hest, t.d. Blakken, er det klart at desse eksisterer. Men dersom ein tenkjer generelt på menneske eller hest kan ein ikkje peike på eit bestemt objekt ute i verkelegheita og seie at det er dette ein snakkar om. Ein kan peike på Nils eller Tor, men ein kan ikkje peike på menneske.

Aristoteles
Aristoteles
levde frå 384 før Kristus til 322 før Kristus. Han var ein gresk
filosof og naturforskar, og er rekna som antikken sin allsidigaste
vitskapsmann og filosof. Ved sidan av Platon er han den greske
filosofen som har hatt sterkast påverking på ettertida.
Aristoteles
var meir systematisk og erfaringsmessig orientert enn sin lærar
Platon, og tok avstand frå Platon på mange punkt.
Aristoteles
vert betrakta som grunnleggaren av biologien. Han omtala over 500
forskjellige dyreartar om deira sin anatomi, åtferd, forplantning,
ernæring osv. Han fant ut at kvalen ikkje er ein fisk og at apene
knyttar menneska til dei andre pattedyra.
Han
er også betrakta som forsterlæra (embryologien) sin grunnleggar.
Han såg på kyllingfosteret si utvikling i egget og blekkspruten sin
forplantning. Han forstod ikkje alt han såg. Trulig dissekerte han
aldri eit menneske. Han trudde f.eks. At hjartet var setet for sjelen
og intelligensen, mens hjerna si oppgåve var å utskilje slim og
avkjøle blodet.
«Å
spørre med fornuft er å vite halvt.»
Aristoteles
var altså ein svært stor tenkar og forskar. Han er rekna som ein av
dei største i Europa. Gjennombruddet han hadde for den nye tenkinga,
vitskapen og filosofien var ein stor endring på hans tid, og læra
hans vart lenge vurdert negativ. I dag veit vi at han hadde feil på
ein del punkt, men at han var viktig for utviklinga av
naturvitskapen.
Men
så tok den katolske kyrkja til seg Aristoteles si lære som si eiga,
og i eit par århundre var alt det han hadde forska og konkludert det
einaste rette. Dette bremsa verda si utvikling innan vitskap inntil
renessansen. Kor langt hadde vi kome i dag dersom kyrkja ikkje hadde
gjort dette?
Aristoteles
flytta frå Athen av politiske årsaker og døde i landflyktigheit.
(PS:
Grafen har ingen kjelder, og kan ikkje bli stolt på 100%. Vi reknar
den som ein liten «vits» eller tankevekkjar på korleis utviklinga
kanskje hadde gått dersom kyrkja ikkje hadde tatt opp Aristoteles si
lære som det einaste rette.)
Kjelder:
http://snl.no/Aristoteles
Bilete:
Bilete
av dei tre filosofane:
Grafen:
Av Frida, Karen og Anita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar