onsdag 31. oktober 2012

Datidens outfit

















Som dere ser så har vi et bilde her av Sokrates og Aristoteles. De har tatt på seg
finstasen for anledningen, og går moteløst ned skolegangen i Athen. Sokrates sitt rosa
laken er frå det lokale markedet  og kosta omlag 400 daler. Menst Aristoteles sitt blå
laken ble funnet på gaten i hans yngre dager.

Platon

Kjære lesarar, i dag kom eg over filosofen Platon menst eg browset gjennom det
utrulige internetet. Visste dykk for eksempel at han var født 427 år f.k, ditte er jo berre
heilt utruleg. Men dessverre døde han ein tragisk død 347 år f.k.
Eg veit ikkje kor mykje dykk er interessert i å høre om han men eg kan iallefall gi  litt
basic informasjon. Han blei født i Athen i en velståande familie med både mor og far.
I sinn ungdom var han elev av sjølvaste Sokrates, og ditte er jo sjukt dykk lesarar. Eg
trur ikkje eg har tid til å blogge meir i dag med tanke på trening. Me sjåast xoxo !  ;*

Aristotoles

Aristotoles var ein mann som blei født  384 f.Kr og døde desverre  322 f.Kr..
Han var ein gresk filosof og naturforskar. Han var Platons elev og Aleksander den
store sin lærar. Verka has omfattar ein rekke emnar som biologi, filosofi, poesi, logikk,
statsvitenskap, etikk og retorikk.
Aristotoles, Platon og Sokrates blir reknet som dei tre største filosofane i den vestlige
verden. Han grunnla også måten vi ser på kunnskap og vitenskap.
Han blei «kristnet» av Thomas Aquinas.

Sokrates

470fvt-399fvt.
Sokrates var ein gresk filosof som levde i Athen. Han skreiv aldri ned noko sjøl og
vi kjenner han først og fremst for verker fra hans elev Platon, som f.eks Apologien.
Han vart dømt til døden og for å fordreve ungdommen, og ble dømt til døden ved gift.
Han hadde fleire muligheter til å rømme byen, ettersom følgerane klarte å bestikke
fengselsvaktane, men han valgte å bli i byen å ta straffa si for fleire grunna.
1. Han meinte at å stikke av framstå som om han var redd døden, noke han  meinte
ingen ekte filosofar var.
2.  Hadde han rømt byen ville ikkje has komme til noke bedre noken annan stad,
ettersom alle has meininga ville vår like kontroversielle alle andre plassar.
3. Han hadde vitande satt seg i enighet med å leve under byens lover .
Filosofien til Sokrates er vanskelig å skille fra Platon etter som all informasjon om
Sokrates kjem fra Platon. Han meinte at det var mennesket og dets problemer som stod
i sentrum. Og han meinte at det var stor sammenheng mellom kunnskap og moral, og at
moralske forkastlige handlingar skyldast uvitanheit og er altså ufrivillige.

Av: Ole, Eirik, Ruben og Chris

Gresk antikk litteratur

Grekerane var veldig tidleg ute med å skrive lengre tekster. Ein av dei størte forfattarane i det antikke Hellas var Homer (gresk Homēros / Ὅμηρος ) som levde for rundt 2800 år sidan. Han skriev dei to eposa Illiaden og Odysseen. Eg skal ta for meg Illiaden seinare i denne artikkelen.

Vi veit ikkje sikkert om Homer var én verkeleg person, eller om han egentlig var ei samling av fleire. Men det vi veit er at han skreiv lengre eposer (forteljande tekster). I følge greske legender var Homer en blind aoid (sangar) som mest sansynelig levde i Vesleasia (Tyrkia).

Illiaden er eit epos om ei hending i den trojanske krigen. Handlinga startar i slutten av den trojanske krig og omandlar i grove trekk krigaren Akilles sitt sinne. Illiaden er egentlig ei stor samling dikt som saman utgjer ein lengre tekst.

Det typiske for diktinga til Homer er at han skriv om soger. Store heltar, slag og generelle viktige hendingar. Verka has er nokre av dei første nedskrevne i europeisk litteratur, noke som gjer dei viktige som for å skaffe eit so bredt som mogleg utgangspunkt. Sidan dei var so tidleg skrevne kan vi og anta at fleire av dei seinare verka som har blitt skreve har blitt inspirert av dette.

Likheita mellom den gamle diktinga og nyare heltediktinga er veldig tydeleg i måten dei henviser kjærleik og refererer til slag og hendingar.


Den Greske påvirkninga av moderne skulpturering

Dei greske skulpturane frå antikken blei brukt til å skildre kampar, mytologi og ledarar som styrte over landet.

Skulpturane var for det meste laga av nesten berre marmor eller av bronse. Det som blei favorisert mest av grekarane var selvfølgelig bronse. I dag er det sjeldan at vi ser nokon greske statuar laga i bronsje og vi ser for det meste berre antikke statuar laga av marmor. Det er fordi mange av bronsje skulpturane har blitt erodert bort. Men der er fortsatt nokon skulpturar som overlevd tidens tann og en av dei er statuen : «The Victorious Youth» som den heitar på Engelsk, eller oversatt til norsk: «Den Seirande Ungdom». Statua er avbilda ein gresk atlet som gjer ein contrapposto posering som skal gi statuen ein meir dynamisk og rolig utsjånad.

Noko som var også ganske vanlig i gresk skulpturering var å designe skulpturane som nakne, spesielt mennene. Dette var ofte uvanlig eller ikkje tillat i andre land som egypt og i midtøsten der mannleg nakenheit ikkje var vanleg i kunsten. Dyrkelsen av den mannlige nakenhet er blitt forklart i en aristokratisk krigerkultur, og i den greske praksis å opptre naken i atletiske øvelsar, men dens opprinnelse kan ha sin bakgrunn i å knytte nakenheit
i ein tidligare dyrkelse av andakt og ærefrykt i religiøs, orientalsk kunst.

For mange av dei greske skulpturørane i antikken var målet å få skulpturen sin til å få den perfekte forma, men seinare tidlig på 400-tallet f.Kr., Rundt 480 f.Kr. ville mange av skulpturørarane ha meir naturalisme på statuene. Seinare blei den gamle stivheita som var på mange eldre statuar erstatta med ein meir framståande skjønnheit og ein ny

ledigheit der det høgre kne var lett bøyd, tyngda blei flytta mot venstre og hovudet er lett vendt mot høgre, dette gjorde at statuene blei meir livlege ein mange av dei eldre greske statuene.

Men no har eg snakka nok om den gamle greske skulptør kunsten. No skal eg snakke litt om korleis den gamle greske skulptør kunsten har påvirka den moderne skulptør
kunsten.

Et godt eksempel av påvirkning frå gresk skulpturering er den berømte Vigelands parken som ligg i Oslo sentrum. Alle skulpturane der er utført av ein enkel kunstnar ved nanm Gustav Vigeland.

Mange av hans skulpturar er som oftast nakne eller svært lettkledde, ein kjend skulptur av han er statuen «Sinnataggen» som er laga i bronsje, utførelsen er ganske realistisk, ved at den viser følelsar og dynamik, den har ein naturtro kropp og den er naken. Mykje av dei egenskapane som dei gamle greske skulpturane hadde.

Ein anna skulptur er laga av ein franskmann ved namn Auguste Rodin som heiter grubleren eller tenkaren på norsk. Skulpturen er laga av bronsje, har ein velproposjonert og ein atletisk kropp(«perfekt kropp»), den viser følelser og at personen tenker og den har nakenheit. Også mykje som er felles med den gamle greske skulptureringa.


Teater i den greske antikken

I den greske antikken var teater populært. Teateret vart kalla drama. Dei gamle grekarane hadde både komedie og tragedie, som vi også kjenner frå dagens film og skodespel. I tillegg hadde dei ei form for teater som heiter satyrspel. Mange av stykka dei framførte var dramatiseringar av historier frå gresk mytologi. Det teateret var populært blant befolkninga, og dei hadde opne amfiteater der folk kunne komme å sjå. Det var berre menn som var skodespelarar i stykka, og dei brukte forskjellige masker til kvar av rollene.


Moderne vestleg teater har blitt påverka i stor grad av teateret frå den greske antikken. Ein seier at det greske teateret frå antikken er opprinnelsen til vestleg teater. Ein har i dag mange av dei same handlingsmønstera som dei hadde i det gamle Hellas. Ein bruker også same metodane for å plassere ulike stykke i ulike sjangrar.


Kjelder

· http://en.wikipedia.org/wiki/Theatre
· http://snl.no/Antikkens_greske_teater
· http://no.wikipedia.org/wiki/Teater

Av: Isak, Atbin, Andrés, Elias og Torbjørn

Arkitekturen i det gamle Hellas



Oppgåva: Kva kjenneteiknar arkitekturen i det gamle Hellas og korleis har den påverka moderne arkitektur?

Tips: sjå på “moderne” vestlege bygningar som til dømes universitetet i Oslo eller kongressen i Washington DC og vis korleis desse er inspirert av den antikke arkitekturen. I denne oppgåva kan bruk av bilete vere gull!

Gresk arkitektur er kjendt for frittliggjande tempel og tre klasiske søyleordenar. Dei aller
fyrste tempelane var bygde av brend leire og tre. Det var først omlag halvegs på 1600-
talet at ein byrja å byggje med stein istaden. Det finst doriske og joniske tempel. Dei
doriske tempela har meir massive og kraftige former enn det dei joniske tempela har.
Joniske tempel har slankare søyler og mykje lavare bjelkelag. Ei hypotese for kvifor
tempela er så massive er at grekarane ikkje stolte heilt på stein som materiale, og
derfor bygde tempela sterke og massive.

Den greske arkitekturen gjenspeilar friheit og induvidualisme. Dei meinte ikkje berre det
var arkitekturen deira som gjenspeila dette, men også landskapa rundt. Bygningane vart
plasserte etter nøye planleggjing med tanke på landskap. Og dei skulle symbolisere tre
viktige ting; Friheit (bygningane er plasserte fritt), Funksjon (utforming og bruksområde)
og ikkje minst Openheit (her skulle grekerane få dyrke openheit og fridom).





Søylehovuda hjå søylene kan ha store variasjonar. Søylehovudet er den øverste
delen av søyla som avgrensar søyla og sjølve bygget det held oppe. Det finst mange
variantar av slike søylehovud, også kalla for kapitél. Det doriske kapitélet er det eldste.
Det er ganske enkelt konstruert, men veldig massivt. Det joniske voluttar på sidene,
altså sirklar på kvar kant som pynt. Det har også det korintiske kapitélet, men i tillegg
arkatusblader. Det finst også fleire variantar, med blandingar av fleire, og nyskapande
søylehovud.

Kva kjennerteiknar arkitekturen i Det gamle Hellas?

- rette linjer
- store, overdimensjonerte søyler
- geometriske figurar går att
- tempela er kortare enn dei arkais
- Byggja var opne, frie og tilgjengeleg for alle
- Søyler for å : pryde, halde oppe, og å symbolisere ro og harmoni
- søyleomgang
- i tempel med søyleomgang skal langsidene sine søyler vere dobbelt så mange som
kortisidene sine +1, dersom ein reknar hjørnesøylen med begge gongane.
- Berre tempel i ein viss størrelse hadde søyleomgang.

Døme på tempel med søyleomgang (Zevstempelet i Olympia):





1.)


2.)



3.)



4.)



1) Slottet, Noreg 2) Universitet i Oslo, Noreg 3) Zevs tempelet Olympia 4) Triumfbuen, Thessaloniki





LENKJER:
http://snl.no/Hellas_(Det_gamle_Hellas)/kunst_og_arkitektur
http://pippsen.blogspot.no/2012/01/gresk-arkitektur-fra-antikken-i-tnsberg.html
http://gresk-romersk-arkitektur.wikispaces.com/
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Triumfbue
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Teater
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Kapit%C3%A9l_(arkitektur)
http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Arkitekturhistorie/tekstsider/
antikken/gresk.htm

Av: Helene, Kaja, Runar og Sigrid

mandag 29. oktober 2012

Heia bloggen!


Ein ting du ikkje visste om oss er at vi er utrulig interessert i det athenske demokratiet!

Visste du at...
Det athenske demokratiet, nokon gongar kalla det klassiske demokratiet, var det demokratiske systemet som blei utvikla i den greske bystaten Athen. Dette demokratiet var eit av dei første kjende demokratia og var mest sannsynleg det aller viktigaste i oldtida. Mange av dei andre greske byane som danna demokrati, følgde denne athenske modellen. Sjølv om mange fekk eit godt og sterkt demokrati, blei ingen så stabilt og mektig som Athen. I Athen var ikkje demokratiet basert på noko slag for representasjon. Istaden møtte borgarane sjølv opp i hovudforsamlinga og stemde over viktige lovforslag. Det athenske demokratiet gav stor makt til enkelte borgarar, og viss ein ser vekk ifrå det at borgarretten var eksklusiv, så var det vanskeleg å tenkje det eit meir gjennomført demokrati enn det som var i Athen.

Likskapen mellom demokratiet til Norge nå og det gamle Hellas er at dei begge er styrt av eit demokrati der folket får lov til å ver med på å bestemme i dei viktige sakane og ikkje slik at berre ei lita gruppe eller ein sitte med makta.
Andre likskapar er ar Hellas og Norge har også dei same ideal om fridom og likskap -også ytringsfridom. Norge er og har mange av dei same tinga som det gamle Hellas, men i dag er det litt forskjell på reglane, men elles har Norge tatt mange av måtane det gamle Hellas gjorde.

Demokratiet i Athen på 400-talet då byen sto på toppen av si makt, var eit direkte demokrati uten politiske parti eller representantar. Folket gjor avgjersler sjølv, og dei hadde ikkje noko politikk. I Norge idag har vi mange forskjellige politiske parti vi kan stemme på, utifrå meiningane våra.

Embetsmenn var menn som hadde ansvar for eit fagområde. Dei kan man samanlikne med våre statsråd. Men i motsetning til våre statsråd blei dei valt direkte av folkeforsamlinga.

Kven hadde ikkje stemmerett?
Slavar og eigedomslause, folk som ikkje budde i Athen, borgarar visst begge foreldre ikkje var athenske, innvandrar og kvinner. Alle disse hadde ingen politiske rettigheiter og fikk ikkje lov til å delta.
I Norge må du vere 18 år, norsk statsborgar eller ha budd i Norge i minst 5 år. Fengsla eller umyndiggjorde menneske har ikkje stemmerett.

Det gamle Hellas blir av dei fleste historikera regna som den viktigaste grunnleggaren for den vestlige sivilisasjon. Det politiske systemet i gamle Hellas har sett sitt spor i dagens politiske system i Noreg ved at gresk kultur hadde ein stor påvirkning på Romerriket, som igjen satte sitt preg på den vestelege kulturen. Sivilisasjonen til de gamle grekerne har hatt stor innflytelse på språket, politikken, utdanningssystemene, filosofien, vitenskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verden, i tillegg til at den satte liv i renessansen på 14-1500-tallet.

Men no skal vi ha gym (YOLO), prekast!

Xoxo Sofie, Thea, Kristine og Anette

Kva var typisk for kunsten i det antikke Hellas og korleis har den påverka moderne kunst?


Kva var typisk for kunst i det antikke Hellas?
Gresk kunst i antikken var hovedsakeleg skulpturar, vasemaleri og vakker arkitektur. Den rike og varierte kunsthistoria til grekerane går rundt 5000 år tilbake. Den påverka romerriket sin kunst og blei sjølv påverka av austlege kunstretningar.

Korleis har kunsten i det antikke Hellas påverka moderne kunst?
Gresk skulpturkunst forblei den klassiske modelen for det aller meste av europeisk skulpturkunst fram til modernismen på slutten av 1800-talet. Kunsten var påverka anten direkte eller indirekte til den greske kunsten. I renessansen og barokken var kunstnerane inspirert av denne kunstepoken. Eksempel er Michelangelo og Bernini.

Litteraturen fra det antikke Hellas har fått stor betydning for danninga av den vesteuropeiske kulturen, og er ein sentral del av den klassiske litteraturen.
Vestens teater i Europa og Nord-Amerika har sin opprinnelse frå Athen. Dramaet har sidan hatt ein betydeleg innflytelse på den vestlege kulturen.
Skulpturar i det antikke Hellas
Skulptørane vart ikkje ansett som anna enn kroppsarbeidarar. Kunstverka vart beundra, medan skaparane av dei blei sett ned på. Mange var kopiar fra det gamle Hellas.


Biton og Kleobis, to nakne ynglinger fra den arkaiske perioden. Ca. 580 f.Kr. Utstilt ved Delfis arkeologiske museum

Skulpturen Diskoskasteren av Myron er eit godt eksempel på gresk kunst i tidlig klassisk stil. Atletiske kroppar i bevegelse var vanlig.


Den romerske kopien av den opprinnelig greske marmorskulpturen Laokoon-gruppen. Dette er eit godt eksempel på gresk skulptur i hellenistisk stil. Fra ca. 50 f.Kr. Skulpturen viser den trojanske presten Laokoon og sønnane som blir drept av sjøormar

Greske skulpturar blir delt inn i 3 kategoriar: Arkaisk, klassisk og Hellenistisk.

Arkaisk 700 - 480 f.Kr.
Arkaiske skulpturar skal sjåast forfra, fordi dei i profil er så tynne at dei ser umennesklege ut. Symmetrien er streng og ansiktet som minner om ei maske pregast av eit stivna smil. Marmorfigurane har store auger og naser, munnen er bein og dei manglar ofte øyrer. Mennene er nakne, kvinnene har fotside drakter.

Klassisk 480 – 330 f.kr
Delast inn i tidlig klassisk(den strenge stil), klassisk stil(høgklassisk stil) og seinklassisk stil.

Den tidlig klassiske stilen er naturalistisk og meir detaljert enn arkaisk. Blei etterkvart støypt i bronse, fordi det då var lettare å få fram detaljane i metallet. Skulpturane såg meir naturlege ut.

I den klassiske stilen er skulpturane meir individualisert. Billedhoggarane var no meir opptatt av eit nytt bevegelsesmotiv. Kontrapost-stillinga var veldig populær. Dette er det italisenske ordet for motvekt og refererar til at kunstnaren ønskar ein meir naturtro skulptur ved å bøye hoftene i ei retning og beina i den andre. Proporsjonane, forholdet mellom kroppen sine delar vart naturlege.

Seinklassisk tid uttrykte ein større følsomheit. Portretta var meir detaljerte


Hellenistisk 323 – 50 f.kr.
Enkle statuar blei mindre vanleg til fordel for skulpturgrupper. Billedhoggarane blei opptatt av å avbilde psykiske reaksjonar og stemningar. Dei ville beskrive heile menneset, det positive og negative. Ein realisme oppstod.




Litteraturen i den greske antikken 

Den greske antikkens litteratur er litteraturen i oldtidas Hellas som vart skreve på klassisk gresk. Det vil seie frå om lag 800 f.Kr. - 500-talet.

Homère et son guide («Homer leda av sin son»),maleri av William Bouguereau (1874)
Litteraturen har fått stor betydning for danninga av den vesteuropeiske kulturen, og er ein sentral del av den klassiske litteraturen. Til den greske litteraturen tilhøyrar det episke dikt som Homers Iliaden Odysseen, det antikke greske dramaet, lyrikk samt filosofiske, og vitenskapelige skriftar. Grekarne påvirka romersk litteratur og kultur, som vart deira direkte arvtagara. Dei spredde også deira særegna litteratur og kultur under den hellenistiske sivilisasjon til landa rundt den austlige delen av Middelhavet, Midtausten, Anatolia, og landa i den vestlige delen av Asia så langt unna som til India. I den greske antikk litteraturen er studie ein kompetanse i dagens klassiske studiar og forskning.

Den førklassiske antikken strekte seg frå Homer til år 300 f.Kr. Førklassisk tid også kalt for “det mørke århundre” er preget av “analfabetisme”, men ikkje utan dikting eller kultur. Eit særtrekk ved gresk litteratur er at gudane som opptredde i homersk epos aldri hadde eksistert med en slik ekstrem antropomorfisme.



Antikkens greske teater
Marmoravbildningar av teatermasker, Aten, 3.-4. årh. f.Kr. Skuespillerne bar masker av tre eller lerret som skulle gi ei  antydning av personane sitt kjønn, alder og karaktertrekk. © Lars Mæhlum - begrenset lisens


Antikkens greske teater, eller antikkens greske drama, er ein teaterkunst som blei utvikla og spredt i Hellas og andre greske område i tida rundt 550 og 220 f.Kr. Byen Anthen blei ein betydeli kulturell, politisk og militærmakt i løpe av denne perioda. Her blei teateret innført som en del av ein religiøs og folkelig festival kalt Dionysia som æra den ekstatiske guden Dionysos.

Tragedien (slutten av 500-tallet f.Kr.), komedien (486 f.Kr.) og satyrspel var dei tre dramatiske formene som dukka opp her. Teateret hadde ein viktig posisjon i antikkens Hellas, der ein diskuterte og lærte seg holdningar som var sentrale i samfunnet. Athen eksporterte festivalen til sine tallrike koloniar og allierte for å lage en felles kulturell identitet. Vestens teater i Europa og Nord-Amerika he sin opprinnelse i Athen. Dramaet he sida hatt ei betydeli og stor innflytelse på vestli kultur som helheit.


Utandørsteateret i Epidauros ved Saroniabukta.

Kjelder:



http://no.wikipedia.org/wiki/Antikkens_greske_teater

Av: Julie, Simon, Aasmund og Martin

Sparta og Athen


Heia bloggeeen!
Idag skal vi ta for oss korleis har det politiske systemet i det gamle Hellas påverka det systemet vi har i dagens Noreg.

Her er ein tabell som viser forskjeller og likheiter mellom demokratia!

Det gamle Hellas Dagens Noreg
Klassisk demokrati” Indirekte demokrati
Tyrann Konge og dronning
Ikkje basert på representasjon Basert på representasjon
500 borgarar valgt ut ved loddtrekning Eit parti blir stemt fram av folket
Alle avgjerslar skulle takast av folkeforsamlinga Blir bestemt av partiet som styrer
Alle kunne være med i politikken Alle kan være med i politikken
Fleirtalet styrte Fleirtalet styrar
Alle var like for lova Alle er like for lova
Berre mannlege medlem Alle borgarar kan være medlem
Dei rike og med utdanning og forbindelsar hadde mest innflytelse Det har ikkje noko å sei kvar du kjem frå eller kva utdanning du har.


Her kan vi sjå at Norges demokrati i dag, er påvirket av gamle Hellas sin styremåte. Idên går ut på nesten det samme berre at vi har utvikla den å forbedra den vidare.

Av Anna, Johanne, Ingvild og Veronica.

Filosofi og vitskap


Omgrepet filosofi kjem frå gresk og tyder kjærleik til visdom.

Sokrates
Ein av dei mest kjente filosofane gjennom historia, levde i Hellas i antikken. Sokrates var med på å leggje grunnlaget for humanistisk filosofi, der ein filosofi der menneske, kultur og samfunn er i fokus. Sokrates skreiv ikkje noko ned, men er kjent gjennom sin kjente elev Platon. Sokrates trudde på det å overbevise sine tilhøyrarar, ikkje overtale dei. Måten han gjekk fram på var å be folk buse ut med fordommane sine, så dei innsåg at meiningane deira var fordommar, på den måten kvitta dei seg med dei og klatra høgare opp i ''erkjennelsens stige''. Han meinte at den nye innsikta måtte kome innanfrå.
Pga av alle dei inngåande spm laga Sokrates sjølve filosofi-idealet for seinare generasjonar.

Sokrates var ein absolutist, han meinte at det fanst universelle normer og verdiar. Riktig kunnskap = riktig handling = lykke. Han blei samanlikna med ei jordmor ettersom han sa at alle var gravide med visdom og måtte bli stilt spørsmål for å føde den ut.

Sokrates vart anklaga for blasfemi og å ha villeida ungdommen og vart henretta med gift.

Vitskap
Både legeviskapen og naturvitskapen har sitt utspring i antikken.
Naturvitskap: matematikk (geometri), kjemi, tekniske hjelpemiddel, fysiske prinsipp (vannskruen, vaktstangsprinsippet og lova om oppdrift i vatn) og astronomi (Aristoteles meinte at jorda var kuleforma pga at den alltid kastar ein sirkelforma skygge på månen ved måneformørkelse).


Platon
Platon var ein gresk filosof som levde frå år 427 - 347 f.Kr i Athen. Han blir rekna som ein av dei mest betydningsfulle i verdenshistoria. Han grunnla også sin eigen skule i Athen som vert kalla «Akademiet». Her underviste han sjølv sine elevar i fleire år.
Platon var spesielt opptatt av samfunnsproblem, og var ein aktiv politikar.

Filosofien hans
Utgangspunktet for Platons idélære er Sokrates' lære om allmennbegrepa, i tilegg til impulsar frå pythagoreerane.
Hans syn er sterkt dualistisk: sansen verd mot idéens verd. Han meinte også at i tillegg til den verkelegheita som vi kan sanse rundt oss, fins det ein annan verkelegheit. Denne adnre verkelegheita kan ikkje sansast, men er meir verkeleg og fundamental enn den sansbare verkelegheita. T.d. Dersom ein tenkjer på ein bestemt person, t.d. Nils, eller ein bestemt hest, t.d. Blakken, er det klart at desse eksisterer. Men dersom ein tenkjer generelt på menneske eller hest kan ein ikkje peike på eit bestemt objekt ute i verkelegheita og seie at det er dette ein snakkar om. Ein kan peike på Nils eller Tor, men ein kan ikkje peike på menneske.


Aristoteles

Aristoteles levde frå 384 før Kristus til 322 før Kristus. Han var ein gresk filosof og naturforskar, og er rekna som antikken sin allsidigaste vitskapsmann og filosof. Ved sidan av Platon er han den greske filosofen som har hatt sterkast påverking på ettertida.

Aristoteles var meir systematisk og erfaringsmessig orientert enn sin lærar Platon, og tok avstand frå Platon på mange punkt.

Aristoteles vert betrakta som grunnleggaren av biologien. Han omtala over 500 forskjellige dyreartar om deira sin anatomi, åtferd, forplantning, ernæring osv. Han fant ut at kvalen ikkje er ein fisk og at apene knyttar menneska til dei andre pattedyra.

Han er også betrakta som forsterlæra (embryologien) sin grunnleggar. Han såg på kyllingfosteret si utvikling i egget og blekkspruten sin forplantning. Han forstod ikkje alt han såg. Trulig dissekerte han aldri eit menneske. Han trudde f.eks. At hjartet var setet for sjelen og intelligensen, mens hjerna si oppgåve var å utskilje slim og avkjøle blodet.

«Å spørre med fornuft er å vite halvt.»

Aristoteles var altså ein svært stor tenkar og forskar. Han er rekna som ein av dei største i Europa. Gjennombruddet han hadde for den nye tenkinga, vitskapen og filosofien var ein stor endring på hans tid, og læra hans vart lenge vurdert negativ. I dag veit vi at han hadde feil på ein del punkt, men at han var viktig for utviklinga av naturvitskapen.

Men så tok den katolske kyrkja til seg Aristoteles si lære som si eiga, og i eit par århundre var alt det han hadde forska og konkludert det einaste rette. Dette bremsa verda si utvikling innan vitskap inntil renessansen. Kor langt hadde vi kome i dag dersom kyrkja ikkje hadde gjort dette?


Aristoteles flytta frå Athen av politiske årsaker og døde i landflyktigheit.

(PS: Grafen har ingen kjelder, og kan ikkje bli stolt på 100%. Vi reknar den som ein liten «vits» eller tankevekkjar på korleis utviklinga kanskje hadde gått dersom kyrkja ikkje hadde tatt opp Aristoteles si lære som det einaste rette.)



Bilete:

Bilete av dei tre filosofane:

Grafen:

Av Frida, Karen og Anita